Sjaa, Jesus gjeng til Jordans Aa

Sjaa, Jesus gjeng til Jordans Aa

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Sjaa, Jesus gjeng til Jordans Aa,
Og der han døypast vilde.
Johannes honom tel ifraa
Med bljuge Ord og milde.
Men Jesus segjer: So er rett,
Det i Guds Raadgjerd so er sett,
hans Vilje maa me fremja.

2 Daa jesus upp or Vatnet steig,
Sjaa, Himlarne seg skilde.
Og Anden ned som Duva seig
Og yver honom kvilde.
Og so ei Røyst han høyra fær:
Min Søn, den elskade, det er,
I honom er min Hugnad!

3 Min Jesus, eg maa undra meg,
Kvi du deg døypa maatte,
Som rein i Rettferd kjende deg
Og Synder aldri aatte.
Kvat vil du ved umvendings Bad?
Kvi stend du her paa Syndars Stad
Som eg og mine Likar?

4 Aa Kjærleiks Løyndom, djup og duld!
Du vilde her meg læra,
At du fyr usæl Syndars Skuld
All Rettferd vilde gjera.
Guds lamb, do bar mi Synd og bad
Aa verta døypt i Syndars Stad,
Deg til mi Soning vigde.

5 So ser eg og, kor dyr og stor
Min Daup er i Guds Auga:
Guds Ande ned paa Vatnet for,
Han meg til Liv vil lauga,
Og Herrens Hygnad med hans Fred,
Som kom med deg, Guds Son, herned,
Du vil meg Syndar giva.

6 So Takk fyr denne Jordanferd,
Ja tusund Takk og Æra,
At meg, som ikkje var det verd,
Du Livsens Veg vil læra:
Naar eg i Tru til deg vert døypt,
Som meg fraa Dauden heve kjøypt,
So skal eg evig liva!

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #678

Author: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Sjaa, Jesus gjeng til Jordans Aa
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Guds Søn er kommen til os ned (L. 190)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #678

Suggestions or corrections? Contact us