Herre Jesus Krist!

Representative Text

1 Herre Jesus Krist!
Eg veit so visst,
Du er min Frelsar aaleine.
Eg trur paa deg,
Fylg du med meg
Paa all min Veg!
Meg huggar ditt Ord det reine.

2 Min Hjarta still,
Rett som du vil,
so eg din eigen kann vera!
Du er min Gud,
Ditt Rettferds-Skrud,
Den Klædnad prud,
Er all mi Velsemd og Æra.

3 Min Frelsar kjær,
Kom, før meg der,
Som helst du meg hava vilde!
Eg læt deg inn
I saal og Sinn,
Du Herre min,
Med al din Naade og Milde!

4 So hjartelg
Eg trøyster meg
Uti din Kjærleik og Naade.
Min Frelsar god,
Som fyr meg stod
I Strid og Blod,
Du fria meg or all Vaade!

5 I Livsens Strid
Eg all mi Tid
Paa deg mi Livsvon vil byggija.
Du hev meg løyst,
Di blide Røyst
Og rike Trøyst
Mitt Hjarta eine kann hyggja.

6 Vert Sorgi saar,
Til deg eg traar,
Du Hjartesaaret kann grøda.
En, som du ver,
Han bergad er,
Du honom ber
So høgt yver Mein og Møda.

7 No veit eg visst,
Herre Jesus Krist!
Du vil meg aldri forlata.
Du sagde fraa:
"Meg kalla paa!
Hjelp skal du faa."
Den Lovnad eg fast vil fata.

8 Gud give daa,
At her eg maa
So veksa med deg tilsaman,
At eg med deg
Og du med meg
Ubrigdeleg
Maa liva i Himmelen. Amen!



Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #718

Author: Hans Chr. Sthen

(no biographical information available about Hans Chr. Sthen.) Go to person page >

Translator: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Herre Jesus Krist!
Norwegian Title: Herre Jesu Krist! Min Frelser du est
Author: Hans Chr. Sthen
Translator: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Etter Sthen; Tone: Herre Jesus Krist (L. 80)

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #718

Suggestions or corrections? Contact us