Den Store, Kvite Flokk

Den store, kvite flokk me sjå Som tusen berg med nysnø på

Translator: Elias Blix (1900); Author: Hans Adolf Brorson (circa 1760)
Tune: DEN STORE HVIDE FLOK
Published in 1 hymnal

Printable scores: PDF, Noteworthy Composer
Audio files: MIDI

Representative Text

1 Den store, kvite flokk me sjå Som tusen berg med nysnø på,
Med skog ikring, Av palmesving for Gud, - kvar er dei frå?
Det er den kjempeskare som Ut frå den store trengsla kom,
For dei ved blod Av lammet stod Reintvegne for Guds dom.
Der held dei no ein kyrkjegang Med jubelsong all dagen lang,
Med sæle ordI englekor, Med heilag harpeklang.

2 Vanvyrde gjekk dei her på jord, Men sjå dei no i vyrdnad stor
For trona stå Med kroner på I høge himmel kor.
Her tidt, når trengsla sårast brann, På deira kinner tårer rann,
Men Gud har deim Straks dei kom heim Avturka med si hand.
No held dei utan brot og brest Hjå Gud ein evig lauvsalsfest,
Og lammet då Ved livsens å Er både vert og gjest.

3 Til lukke, kjempesamling, då! Ja, tusenfald du lukke få,
For du var her Så tru især Og slapp så vel herfrå!
Du vyrde ikkje verdsens trøyst, Så kvil i Gud frå striden løyst!
Det du har sått Med sukk og gråt, Gjev haust med glederøyst.
Kved opp i høgd, slå palmetakt Og syng med himmelkraft og makt:
Lov vere deg, Lov æveleg - Vår Gud og lammet—sagt!



Source: The Cyber Hymnal #15100

Translator: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Author: Hans Adolf Brorson

(no biographical information available about Hans Adolf Brorson .) Go to person page >

Text Information

First Line: Den store, kvite flokk me sjå Som tusen berg med nysnø på
Title: Den Store, Kvite Flokk
Danish Title: Den store hvide Flok vi se
Author: Hans Adolf Brorson (circa 1760)
Translator: Elias Blix (1900)
Language: Norwegian
Copyright: Public Domain

Media

The Cyber Hymnal #15100
  • PDF (PDF)
  • Noteworthy Composer Score (NWC)

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
TextScoreAudio

The Cyber Hymnal #15100

Suggestions or corrections? Contact us