Instance Results

‹ Return to hymnal
Hymnal, Number:mblk1897
In:instances

Planning worship? Check out our sister site, ZeteoSearch.org, for 20+ additional resources related to your search.
Showing 781 - 790 of 802Results Per Page: 102050
Text

Mitt Hjarta, tru med Tryggje

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #763 (1897) Lyrics: 1 Mitt Hjarta, tru med Tryggje Paa ordet av Guds Munn! Paa dette Berg du byggje: Det er jo god ein Grunn! Um Jrod og Himlar falla, Guds Ord daa aldri fell. I Tru paa honom kalla! So stend du som paa Fjell. 2 Men Verdi helst vil hanga Ved det, som duger minst, Og fyrst til Jesus ganga, Naar ingen Utveg finst: I Trong og tunge Stunder, I Sjukdom,sorg ogSut Ho vil, han ved eit Under Skal fria henne ut. 3 Ja Verdi ligg i Blunder, Ho utan Tru vil sjaa. Ho føkjer Teikn og Under, Som ho kann taka paa. Men Under inkje batar, For Vantru inkje ser, Men berre Trui fatar, Kvat Gud i Teiknet ter. 4 So høyr, kvat Jesus segjer, Og hald deg til hans Ord! Han byd, og Stormen tegjer, Han stiller sorg paa Jord. Ja tru, naar Jesus talar, So skal du Under sjaa: Endaa i Daudens Dalar Du Syn paa Liv skal faa. 5 Hans Ord kann Helsa giva Og turka Taaror av. Han byd den Daude liva, Og fram han gjeng or Grav. Han dermed vil oss visa, Han Dauden yvervann, So me skal hohom prisa Ein Gogn i Livsens Land. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 21. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-first Sunday after Trinity Sunday; 21 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Twenty-first Sunday after Trinity Sunday High Mass Languages: English
Text

Eit Ljos paa Jordi med Jesus rann

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #764 (1897) Lyrics: 1 Eit Ljos paa Jordi med Jesus rann, Som vilde til Gud oss lysa. Det straalar klaart fyre kvar ein Mann, Som honom i Tru vil hysa. 2 Ja Jesus Kristus er Livsens Ljos, Som vil i vaart Hjarta renna. Men Verdi styrer sin eigen Kos Og vil ikkje Ljoset kjenna. 3 So vidt um Jord og i Himmelrom Ho leitar og Ljos vil vinna. Men hennar Visdom er Vesaldom, For Gud kann ho ikkje finna. 4 Ho les paa Himmelen som ei Bok Og Vegen til Stjernor kjenner. Paa Sol og Maane ho trur seg klok, Men daa etter skuggar renner. 5 Ho granskar Veder og granskar Vind Og spaar deira ymse Vende, Men er so reint fyre Ljoset blind, Som Gud oss i Kristus sende. 6 Den arme Mann, som Myrker sit, Vil endaa Guds dypter mæla. Men Verdi vantar med alt sitt Vit Den Sanning, som er til Sæla. 7 Det Sannings-Ljos, som er Jesus Krist, Kann berre ved Tru me vinna. For Mannavitet det heve misst Det Ljoset, som Gud kann finna. 8 Aa Jesus, ver du so Ljoset vaart, Som oss til Guds Rike leider! Ja lys i Hjartat, til dess me klaart Skal sjaa deg i Ljos og Heider! Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 21. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-first Sunday after Trinity Sunday; 21 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Twenty-first Sunday after Trinity Sunday High Mass Languages: Nynorsk
Text

Far utor

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #765 (1897) Lyrics: 1 Far utor Dine Skor! Her du stender paa heilag Jord: Her er Staden av herren vard, Her er Himmelens Fyregard. Her er Guds, Her er Guds Kyrkja og Hus. 2 Høgt ho stend, Vida kjend, Lyser ut yver laage Grend. Ho er Varden paa Sions Tind, Der me skoda i Himmelen inn Høgt yver Høgt yver Stodda og Sky 3 Til den Stad Stemner glad Herrens Folk i den lange Rad. Der er midt under Stormen Dus. Der me høyra den stille Sus Naar Herrens Naar Herrens Ande ser ned. 4 Heilag er Kyrkja her, Heilag midt i ei syndug Verd. Sting enn Fienden hennar Hæl: Gud, som er heilag i Israel, Han kann og Han kann og helga si Brud. 5 For Guds Ord Fagert gror I den innvigde Kyrkjejord. Livsens Kjelda med Skirslarbad Surlar stillt gjenom Herrens Stad, Anden som Anden som Duva fer ned. 6 Fram i Kor Herrens Bord Stender dukat i Aar som ifjor. Der me halda fyr Herren Fest, Der er Syndaren Kristi Gjest, Hallar seg Hallar seg upp til hans Brjost. 7 Synd og Naud, Dom og Daud Aldri leggja Guds Kyrkja aud. Ho er Staden paa Berget bygd, Der ho stender i heilag Trygd Midt i all Midt i all Trengsla og Strid. 8 Snart det lid Til den Tid, Daa ho heve stridt ut sin Strid, Daa ho leggja skal Sverd og Skjold, Daa forklaarad ho gjeng av Mold Inn til den Inn til den evige Fred. 9 Sorg og Synd Der er tynd, Jesus Kristus til Konung krynd. Kvar ein Fiend er underlagd, Kyrkja stender med Sigersbragd Fram fyre Fram fyre Lambet og Gud. Topics: Helgamessa; High Mass; Salmar til Kyrkjeaaret 21. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-first Sunday after Trinity Sunday; Alle Helgens Dag Til Hoimesse; All Saints Day High Mass Languages: Nynorsk Tune Title: [Far utor]
Text

Den Raud og Trengsla, som eg lid

Author: Kingo Hymnal: MBLK1897 #766 (1897) Lyrics: 1 Den Raud og Trengsla, som eg lid, So lenge Kyrkja er i Strid, Den skal eg fulla gløyma, Naar med Guds Heilage eg kved Ein Sigerfong i evig Fred, Og Tonar fram skal strøyma, Som ingen her kann drøyma! 2 Min Klædnad tvær min Frelsar blid Uti sitt Blod i Naadens Tid, Di vil han og meg giva Den lange kvite Klædnad paa, Den Dag eg skal hans Andlit sjaa Og lik Guds Englar liva Og um hans Trong sviva. 3 Der fær eg fyrst i Hender rett Den sigerspalmen, som er sett Til stor Triumf og Æra Fyr Sigren, som min Frelsar god Meg her let vinna ved sitt Blod Det skal mi Sæla vera Det Sigersteikn aa bera! 4 Der skal eg fyr den Frelsegjerd, Som ved Guds Lamb meg lagad er, Gud Fader Æra segja. Guds Englar med meg kveda vil Og leggja Ja og Amen til Med heilag Fynd og Fegja, Og Songen aldri tegja. 5 Mitt Hjarta fullt av Lengsla er Og stundar saart i Trengsla her, Min Jesus, til den Æra, Daa Heilage forutan Tal Deg lova i den ljose Sal. Naar skal eg med saa vera Og fram den Lovsong bera. 6 Der Motgang, Møda, Sorg og Sut I Himmerike skal faa Slut Og ikkje vera kjende, Der vert mi Taara turkad av, So gjeng eg hugheilt i mi Grav Fraa Heimsens laage Lende Og fær so sæl ein Ende! Topics: Helgamessa; High Mass; Salmar til Kyrkjeaaret 21. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-first Sunday after Trinity Sunday; Alle Helgens Dag Til Hoimesse; All Saints Day High Mass Languages: Nynorsk
Text

Livet lid, til Kvelds det hallar

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #767 (1897) Lyrics: 1 Livet lid, til Kvelds det hallar, Snart det sokna vil i Grav. Dagen kjem, daa Gud deg kallar Til aa svar paa hans Krav: Daa du fram til Doms skal fara, Greida fyr di Gjerd paa Jord Og fyr all di synd maa svara, Synd i Tanke, Gjerd og Ord. 2 Um du vil paa Misgjerd merka, Gud, kven kann daa standa seg? Det me vilja, det, me verka, Alt er ureint fyre deg, Du som dømer løynde Tankar Djupt i Hjartans dulde Grunn: Aa fyr deg mi Skuld seg sankar Saman til ti Tusund Pund! 3 Illt maa der den Syndar fara, Som gav Naaden inkje Rom. Berre Naaden kann oss spara Fyr den strenge Veridens Dom. Naade, Naade, eine Naade Kvitta kann den store Gjeld, Løysa ut fraa evig Vaade Den, som var fyr Syndi feld. 4 Gode Gud, so lat oss finna Naaden, medan det er Tid, Og ved Tru di Rettverd vinna, som kann gjera Domen blid! Gud, forlat vaar Synd og Villferd Fyre Jesu Kristi Skuld! Lat vaar Udygd og vaar Illferd Ved hans Rettferd verta duld! 5 Jesus, lat din Kjærleik strøyma Inn i Hug og Hjarterot, So me Næstens Synd maa gløyma, Naar han gjerer oss imot! Lat di Miskunn i oss liva, So me Skyld forlata maa, Her vaar Broder Miskunn giva Og i Domen Miskunn faa! Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 22. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-second Sunday after Trinity Sunday; 1 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; First Sunday after Trinity Sunday High Mass; 10 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Tenth Sunday after Trinity Sunday High Mass; 22 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Twenty-second Sunday after Trinity Sunday High Mass Languages: Nynorsk
Text

Kom, Hjarta gjer din Rekneskap

Author: Brorson Hymnal: MBLK1897 #768 (1897) Lyrics: 1 Kom, Hjarta, gjer din Rekneskap, Kvar Livsdag upp du skrive! Og set so Vinning upp mot Tap Av alt ditt Verk i Live! Kvat i dei mange Aar er gjort, Kvat Vondt du heve drivet,– Aa vit, at Allting, smaatt og stort, Stend i Guds Bøker skrivet! 2 Vel Tidi burt so hastig fer Og aldri atter vender. Men fyr den Gjerd, du gjorde her, Di Løn du fær i Hender, Naar Gud til Domen koma vil Og fram all Verdi sankar, Og kvar skal gjera nøgje Skil Fyr Gjerning, Ord og Tankar. 3 Kor mangt eit stygt og daarligt Ord I lystugt Lag der vankar, Som sidan vert til Sverd og Mord I ein fordømd Manns Tankar! Kor gruvelegt aa tenkja paa Den Bannskaps vonde Andar, Som tidt dei Store og dei Smaa Inn i sin Tale blandar! 4 Kvat Svik og List og vonde Raad I Hjartat løynt kann renna! Og urein Lyst, det Orme-Saad, Som ingen her kann kjenna! So tenkjer du, det alt er gløymt, Det heve ingen Faare! Men Gud til Doms det heve gjøymt, Der alt kjem fram i Klaare. 5 Det vart for langt aa føra fram Den synleg; Syndemengdi, Som mange, seg til Dom og Skam I all den Ævelengdi, Her til Guds Harming driva paa Og ikkje eingong kvida Fyr Vreiden, som dei Vonde maa I alle Æror lida. 6 Aa tenk, kor snart dei Dagar gjekk, Som Gud til Bot deg sende! Tenk, um du ikkje sleire fekk, Um no det alt tok Ende! Og er der og ei liti Stund Enno fyr deg i Venta, So tenk, du hev so stort eit Pund, Men enno ingi Renta! 7 Fall ned med Angers Hug og Mod Fyr Naadens Stol og Trona, Og bed, at Gud fyr Kristi Blod Vil mildt seg lata fona! Og nøyt so betre Naadens Tid, Kvar Dag fraa Synd deg vende! So fær du, naar til Kvelds det lid, So søt og sæl ein Ende. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 22. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-second Sunday after Trinity Sunday; Omvendelsen; Repentance; Almindelig Bededag Til Ottesang og Høimesse; Ordinary Prayer Day High Mass; 22 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Twenty-second Sunday after Trinity Sunday High Mass Languages: Nynorsk
Text

Giv Gud den Æra, han skal hava

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #769 (1897) Lyrics: 1 Giv Gud den Æra, han skal hava, Og Kongen den, han hava skal, So skal Guds Fred og Lukka lava Paa Landet ned som Dogg i Dal. 2 Det er Guds eigi Log og Læra, Daa han oss gav det Lovnads-Ord, At den, som vil Foreldri æra Skal bu med Fred paa Fedrajord. 3 Gud vil, me lyduge skal vera Mot kvar, som er til Styre sett, Og æra deim, som Kongsstav bera Og byggja Land med Log og Rett. 4 Men Gud me maa fyr Allting giva Vaart Hjarta og vaar heile Hug, Fyr honom trutt i Lydnad liva Av all vaar Styrke, Magt og Dug. 5 Aa elska Gud og Fedralandet, Kvar æra etter Rett og Skil Og standa trutt i Broderbandet: Det Herren visst velsigna vil. 6 Det Folk, som paa Guds Lovnad trudde Og Federne i Heider heldt, Det lukkeleg i landet budde, Naar gudlaust Folk til Dom vart selt. 7 So vil me Gud vaar Fader beda Aa signa Lyd og signa Land, Vaar dyre Fedra-Arv aa freda Og verna vel mot Uvens Hand. 8 Driv ut dei vonde Raad og Tankar, Som øyda Land og log bryt ned! Lat i di Tru oss festa Ankar Og bu med Frendar i din Fred! 9 Lat oss som Brøder saman byggja Og Ovund, Strid og Ufred fly! lat Tru og Kjærleik Landet tryggja Og Rettferd bu i Bygd og By! 10 Aa Gud velsigne land og Rike, Og giv vaart Folk din Fred og Ro! Din Naade aldri fraa oss vike, So Lukka maa i Landet gro! Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 23. Sundag etter Trieingings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-third Sunday after Trinity Sunday; 23 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Twenty-third Sunday after Trinity Sunday High Mass Languages: Nynorsk
Text

Gud signe vaart dyre Fedraland

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #770 (1897) Lyrics: 1 Gud signe vaart dyre Fedraland Og lat det som Hagen bløma1 Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand Og Vetter fyr Vaarsol røma! Lat Folket som Brøder saman bu, Som Kristne det kann seg søma! 2 Vaart Heimland i Myrker lenge laag, Og Vankunna Ljoset gjøymde. Men Gud, du i Naade til oss saag, Din Kjærleik oss ikkje gløymde: Du sende ditt Ord til Norigs Fjell, Og Ljos yver Landet strøymde. 3 Og Norig det ligg vel langt i Nord, Og Vetteren varer lenge; Men Ljoset og Livet i ditt Ord Det ingen kann setja Stenge. Um Fjellet er høgt og Dalen trong, Ditt Ord heve daa sitt Gjenge. 4 So blømde vaart Land i Ljos og Fred, Det grodde so grønt i Lider. Men atter seig Natt paa Landet ned Med Trældom og tunge Tider. Og Folket det sukkad etter Ljos, Og du lyste upp umsider. 5 Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv, Som lenge vaar Lykka skygde. Du atter oss gav vaar Fridoms Arv Og honom i Trengsla trygde. Du vernad vaart folk og gav oss Fred, Og Landet med Log me bygde. 6 Vil Gud ikkje vera Bygningsmann, Me faafengt paa Huset byggja. Vil Gud ikkje verja By og Land, Kann Vaktmann os ikkje tryggja. So vakta oss, Gud, so me kann bu I Heimen med Fred og Hyggja! 7 No er det i Norig atter Dag Med Vaarsol og Song i Skogen. Um Sædet enn gror paa ymist Lag, Det brydder daa etter Plogen. So signe daa Gud det gode Saad, Til Groren ein Gong er mogen! Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 23. Sundag etter Trieingings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-third Sunday after Trinity Sunday; 23 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Twenty-third Sunday after Trinity Sunday High Mass Languages: Nynorsk
Text

Den sidste Skilnad er vel saar

Author: Grundtvig Hymnal: MBLK1897 #771 (1897) Lyrics: 1 Den sidste Skilnad er vel saar, Naar Ven vert boren ut paa Baar. Men midt igjenom Daudens Tjon I Jesus Krist gror Livsens Von. 2 Den, som kann tru i Hjartat visst, At upp er reist vaar Herre Krist, Han kann alt her i Spegel sjaa, Kor Gud læt Liv av Daude staa. 3 Sjaa Sol, som gjeng i Grav um Kveld, Um Morgon gyller Sky og Fjell. Sjaa Blom og Gras, som døyr i Aar, Det dror og grønkar næste Vaar. 4 Sjaa Lauvet døyr paa Tre og Tein, Men livnar atter grOnt paa Grein. Og inkje Fræ stend upp i Gror, Som ikkje fyrst vil døy i Jord. 5 Uppreiser Gud so ved sitt Ord Det Liv, som døyr og vert til Jord, So kann hans Ord og Andedrag Og vekkja oss paa Domedag. 6 So livna me som Blom i Eng, Naar Herrens Røyst um Graver gjeng. So skal som Herrens kveite-Korn Or Gravom standa upp Guds Born. 7 Der rann ein Kvist av Jesse Rot Med Blom, som giv fyr Bane Bot, Eit Livsnens Tre, der alle Mann Fyr Dauden Fristad finna kann. 8 Der Mann ei døyr, men gjeng fraa Sorg til Gleda inn i Himmelborg. Han berre døyr fraa Stiden her, Og heim til Herrens Fred han fer. 9 So er den Benen ikkje misst, Som sovnar inn in Jesus Krist: Han gjeng fraa Sky og Skodde-Eim Til Liv og Ljos i Himmel-Heim. 10 Kvi skal daa saart me graata her, Naar dei so sælt seg gledja der? Dei vel kom yver daudens Hav, Og Gud deim Hamn i Himlom gav. 11 Som gyllne Straalar gjeng fraa Sol, Dei syngja der framfyr Guds Stol Ein Lovsong glødd av heilag Glod Til tusundfald Gullharpe-Ljod. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 24. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-fourth Sunday after Trinity Sunday; 24 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Twenty-fourth Sunday after Trinity Sunday High Mass; Særlige Salmer Graven; Special Hymns The Grave Languages: Nynorsk
Text

Renn upp yver Grav, du signad Sol!

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #772 (1897) Lyrics: 1 Renn upp yver Grav, du signad Sol! Min jesus, lat Straalar strøyma Og lysa meg inn til Naadens Stol, Naar her dei i Grav meg gjøyma! So heim eg kann fara i ditt Ljos Og Striden i Gleda gløyma! 2 Eg Menneskja komen er av Mold Og atter til Mold maa venda. Men Lov vere Krist, vaar Sol og Skjold, Som vilde meg Anden senda! Ved honom eg ganga skal or Grav, So Dauden i Liv maa enda. 3 Dei Daude, som her i Herren døy, Til Livet dei upp skal standa. Dei fara med Fred fraa heimsens Øy Og frelste i Himmeln landa. Gud, laga det so fyr Jesu Blod: I honom me utmaa anda! 4 I Jesus eg liva vil og døy, Med honom eg lid og strider. Og maa eg so visna her som Høy, Han skaper daa Nygrors Tider. Daa Livet so pænt or Grav skal gro Som Vaargull og Lauv i Lider. 5 So slumrar eg inn i blidan Blund, Der skal ingen Trong meg tyngja. So vaknar eg upp den Morgonstund, Naar Anden meg upp vil yngja. So liva eg skal i Kristi Ljos, Hans Lov iall Æea syngja. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 24. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year Twenty-fourth Sunday after Trinity Sunday; 24 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Twenty-fourth Sunday after Trinity Sunday High Mass; Særlige Salmer Graven; Special Hymns The Grave Languages: Nynorsk

Pages


Export as CSV