677. Det er so godt aa vitja

1 Det er so godt aa vitja
Guds Hus og Heilagdom paa Jord.
Det er so sælt aa sitja
Og lyda paa Guds gode Ord.
Der er det godt aa gjelda
Fyr trøytte Ferdamann,
Der inn ved Livsens Kjelda
Gror Liv i ande land.
Og der den Kjelda surlar,
Der byggja Fuglar smaa.
den arem Duva kurlar
Og lengtar dit aa naa.

2 Der inn i Heilagdomen,
Der fordom blønde Arons Stav,
Der spring enn beste Blomen,
Der enno gror nytt Liv av Grav.
Der Anden atter føder
Dei Smaa med Vatn og Ord.
Der samlast me med Brøder
Som Gjester ved Guds Bord.
Der er det sæle Stunder,
Der livna Daube upp,
Der læra me det Under,
At turre Tre skyt Knupp.

3 Gud, lat meg stodt saa vera
Ein dagleg Gjest uti ditt Tjeld!
Og lat meg med faa bera
Nytt Liv av Ordet heim um Kveld!
Faa Kyrkja inn i Stova
lat Ordet lysa ned!
Og lær oss deg aa lova
I all vaar Gjerd og Sed1
Gjer Ordet til eit sæde,
Som brydder i kvart bu
I heilag Song og Kvæde,
I Liv, osm andar Tru!

Text Information
First Line: Det er so godt aa vitja
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: Sundag Sexagesima; Hymns for the Church Year: Sexagesima; Søndag Seksagesima: Til Hoimesse (3 more...)
Notes: Tone: Min Sjæl, min Sjæl, lov Herren (L. 77)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us