669. Til Gud eg lyfter Augat mitt

1 Til Gud eg lyfter Augat mitt,
Naar eg i Sorg og Trengsla sit.
Naar al mi Hugga burte er,
Til Gud mi Bøn um Hjelp eg ber.
Eg trur paa honom trøsteleg.
Han kann og vil nog verja meg.

2 Paa Styrke, Magt og Mannemod,
Paa Rikdom, Vit og Venskap god
Vil Verdi jamnan stydja seg,
men eg til Gud vil halda meg.
Han hebe Himmel skapt og Jord,
Han aldri sviker i sitt Ord.

3 Hald fast ved Gud, so stend du rett,
Og ikkje Foten undan glett,
Deg Krossen ei fraa Gud skal snu,
Men styrkja deg i Vg og Tru.
Gud leider deg paa Sannings Veg,
So fri og uskadd fram du dreg.

4 Den Gud, som vaktar deg so vel,
Som vaker yver Israel,
Han slumrar aldri nokor Tid
Og søv ei, medan Natti lid.
Hans Augo alltid opne er,
Ser til, du ingen Skade fær.

5 Gud Herren er din Frelsarmann.
Og det, som her du verka kann
I Jesu Namn uti ditt Kall,
Han fremja og velsigna skal,
Og under Skuggen av hans Veng
Du fri og utan Faare gjeng.

6 Her er du paa den trønge Veg,
Men herren trufast fylgjer deg.
Alt Vondt, som her deg møta maa,
Det vil han sjølv deg frelsa fraa.
Skal du daa røyna Sukk og Graat,
Den vender Gud ti Gledelaat!

7 Og skal du lida Sorg og Sut,
Og um det varer Livet ut,
Det daa ein fager ende fær,
Din Daude Gud til Bate gjer.
Han verja vil di Saal so vel,
At du kann døy i honom sæl.

8 Naar du gjeng ut, naar du gjeng inn
Med Gud fyr Auga og i Sinn,
So kann du ferdast trygg og glad
I alle Stunder, allan Stad;
For Herren er din Frelsar blid
Og hjelper deg til evig Tid.

Text Information
First Line: Til Gud eg lyfter Augat mitt
Author: Hans Thomissøn
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: 3. Sundag etter Trettandedag; Hymns for the Church Year: Third Sunday after Three Kings Day
Source: Etter Hans Thømisson
Notes: Tone: O Fader vor i Himmerig (L. 14)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us