667. Sjaa, han gjeng inn til syndug Mann!

1 Sjaa, han gjeng inn til syndug Mann!
So yver Jesus dei klagad.
Men denne Syndar Livet vann,
Sælt i hans Hjarta det dagad:
Livet, han storleg stundad paa,
Ljoset, han lengtad saart aa sjaa,
Saag han i Frelsarens Aasyn.

2 Jesus, som vaare Synder bar,
Visste og Raad i hans Vaade.
Jesus han vert den Syndar var
Og honom møter med Naade,
Kallar paa honom blidt og bed:
Kom no! i Dag ditt Hus fær Fred,
For eg vil inn til deg stiga.

3 Jesus, eg er ein syndug Mann,
Kann utan deg ikkje liva.
Faafengt eg leitad, ingen fann,
Som kunde Livet meg giva,
Daa kom du, Jesus, til meg inn,
Gjestad og meg med Naaden din,
Lyste din Fred i mitt Hjarta.

4 Sælt er det Hus, der du stig inn,
Huset, der Fred du fær lysa!
Sæl er den Syndar, som deg finn
Og vil i Hjartat det husa!
Sæl den, som fagnar deg i Tru!
Der vil du ganga inn og bu,
Der vil din Nattverd du halda.

5 Takk daa, min Frelsar, at du kom
Og vilde inn til meg stiga
Og i mitt myrke Hjarterom
Lata ein Solstraale siga!
Takk, at du Vegen til meg fann
Og vilde gjesta syndug Mann!
Deg vere Lov i all Æva

Text Information
First Line: Sjaa, han gjeng inn til syndug Mann!
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: 2. Sundag etter Trettandedag; Hymns for the Church Year: Second Sunday after Three Kings Day; Anden Søndag etter Hellig Tre-Kongers Dag: Til Hoimesse (3 more...)
Notes: Tone: Kirken den er et gammelt Hus (L. 589)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us