651. No koma Guds Englar med Helsning i Sky

1 No koma Guds Englar med Helsning i Sky,
Guds Fred og Velsigning dei bjoda.
No stig ifraa Jordi ein Helgasong ny,
Som skal gjenom Himmelen ljoda:
Buds Fred og vel møtt,
Du Barn, som er født!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

2 Til Frelsa den Fyrste er korad og krynd
Og komen til Løysning og Lukka
Fyr Menneskjeborn, som er fødde i Synd
Og alt uti Vogga maa sukka.
Guds Fred med dei Smaa, Som honom fekk sjaa!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

3 I djupaste Myrker vart Himmelen klaar,
Daa Stjerna av Jakob seg viste.
I hardaste Vetter det grønkar som Vaar,
Og fagraste Knupp spring av Kviste.
Guds Fred og god Jol
Med Sumar og Sol!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

4 Der ute er Jordi so isend kald,
Og Trei stend svarte i Skogen.
Men Isai Stuv, som til Frelsa er vald,
Skyt Livskvisten fager og mogen.
Guds Fred med den Tein
Av grønkande Grein!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

5 No Stjerna fraa Betlehm lyser um Land
Fraa høgsal til armaste Hytta.
Det ljosnar so vænt yver Dalar og Strand,
Der inn hennar Straalar saa glytta.
Guds Fred yver Mold!
Vaar Sol og vaar Skjold,
Vaar Fresfyrste høgt vere lovad!

6 No ljodar ein Lovsong fraa alle Guds Born,
Paa alle Folks tungor dei kveda.
So vida som Klokkorna tima fraa Torn,
Stig Tonar av Hugnad og Gleda.
Alt kling somi Kor:
Guds Fred yver Jord!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

7 Lat Gitordet ganga fraa Grend og til Grend,
So vida som Tunga kann mæla,
Um sonen, som er oss fraa Himmelen send
all Verdi til Siger og Sæla!
Syng ut i kvar Bygt:
Guds Fred ifraa Høgd!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!

8 Den Freden meg fylgje fraa Bogga til Grav,
Meg hugge i saaraste suter!
So segjer eg, naar eg fraa Verdi fer av
Og døyande Hovudet luter:
Guds Fred og Farvel!
No sovnar eg sz'l.
Vaar Fredsvyrste høgt vere lovad!

Text Information
First Line: No koma Guds Englar med Helsning i Sky
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: Jolehelg; Hymns for the Church Year: Christmas; Første Juledag: Til Ottesang og Høimesse (1 more...)
Notes: Tone: Det hendte sig Jefta den Gileads Mand (se nedenf.) eller: Saa vil vi nu sige hverander Farvel (L. 93)
Tune Information
Name: [No koma Guds Englar med Helsning i Sky]
Key: D Major



Suggestions or corrections? Contact us