649. Kling no, Klokka! Ring og lokka

1 Kling no, Klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka fraa tusind Torn!
Tona um Frelsa! Kalla og helsa,
Kalla og helsa med Fred Guds Bron!
Kling no Klokka! Ring og lokka,
Ring og lokka fraa tusend Torn!

2 Songar sæle, Englemæle,
Englemæle med livsæl Ljod!
Far gjenom Grender, strøym yver Strender,
Strøym yver Strender som Toneflod!
Songar sæle, Englemæle,
Englemæle med livsæl Ljod!

3 Englar kveda: høyr den Gleda,
Høyr den Gleda, som her er hend!
Loset er runnet, Livet er vunnet,
Livet er vunnet: ein Frelsar send.
Englar kveda: høyr den Gleda,
Høyr den Gleda, som her er hend!

4 Sæle Stunder, store Under,
Store Under og Løyndoms Skatt!
Møyi var Mder, Gud vart vaar Broder,
Gud vart vaar Broder i Jolenatt.
Sæle Stunder, store Under,
Store Under og Løyndoms Skatt!

5 Barn er boret! Barnekoret!
Barnekoret ved det me vann.
Anden no føder oss til hans Brøder,
Oss til hans Brøder, Guds born som han.
Barn er boret! Barnekoret!
Barnekoret ved det me vann.

6 Høge Fagnad! Sælt det dagnad,
Sælt det dagnad, og Ljøset rann:
Von yver Verdi, Ljos yver Ferdi,
Ljos yver Ferdi til Livsens Land.
Høge Fagnad! Sælt det dagnad,
Sælt det dagnad, og Ljøset rann:

7 Sjaa, det dagast, snart det lagast,
Snart det lagast til Høgtid ny!
Daa skal oss Klokka leikande lokka,
Leikande lokka til Helg i Sky.
Sjaa, det dagast, snart det lagast,
Snart det lagast til Høgtid ny!

Text Information
First Line: Kling no, Klokka! Ring og lokka
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: Jolehelg; Hymns for the Church Year: Christmas; Første Juledag: Til Ottesang og Høimesse (1 more...)
Notes: Tone: Her vil ties, her vil dies (L. 476)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us