642. Jesus kom til Jorderike

1 Jesus kom til Jorderike,
Førde ut sin Faders Raad.
Han, som var Guds Son og Like,
Stor i Æra, Magt og Daad,
Kom til oss, som var fortjonad,
Og fyr vaare Synder sonad,
Kom og gjekk fyr oss i Grav,
Stod so upp og Liv oss gav.

2 Jesus kom med kvitsunveder,
Kom med Andens Eld og Ljon,
Kom med Ord, som Hjartat gleder,
Ord um Frelsa Liv og Von.
So han sine Vitne sende
Med sitt Ord til Heimsens Ende:
Rundt um Jordi gjeng hans Røyst,
Skaper Liv og Ljos og Trøyst.

3 Jesus kjem uti si Kyrkja
Enne med Anden og sitt Ord;
Der han vil dei Veike styrkja,
Metta Hjartat ved sitt Bord.
Der hans Folk i stille Stunder
Liver upp det Andens Under,
At den Daude atterfødd
Lovar Gud med tunga glødd.

4 Jesus kjem, naar Klokkor ljoda,
Naar til Helg det ringjer inn,
Kjem og vil Guds Fred oss bjoda,
Fred i Hus og Fred i Sinn.
I kvar Heim han Helg vil lysa,
Som i Tru vil honom hysa,
Stig til kvart eit Hjarta ned,
Som til Høgtid honom bed.

5 Serleg naar til Jol det stundar,
Kjem han til sin Kyrkjelyd,
Vekkjer kvar, som enno blundar,
Alle Fred og Frelsa byd.
No han vil oss atter gjesta
Og vaart Hjarta til seg festa,
Vekkja Liv som Sol um Vaar,
Vigja inn eit Naadens Aar.

6 Sjaa, han kjem! So lat oss fara
Ut og fagna honom vel!
Høyr, han helsar; latoss svara:
Ver velkomen, heil og sæl!
Ver velsignad, som vil vitja
Oss, som her i Myrker sitja!
Kom, vaar Frelsar, Livsens Sol,
Kom og giv velsignad Jol!

Text Information
First Line: Jesus kom til Jorderike
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: 4. Sundag in Adventa; Hymns for the Church Year: Fourth Sunday in Advent; Fjerde Søndag i Advent: Til Hoimesse (1 more...)
Notes: Tone: Kjærlighed er Lysets Kilde (L. 227)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us