636. Korleides skal eg møta

1 Korleides skal eg møta
Og sagna deg, Guds Son?
Du Hjartans Sol og Søta,
Du heile Heimsens Von!
Kom, Jesus, skjølv aa tyda,
Korleides Hjartat maa
Seg til di Koma pryda,
So du kann Fagnad faa!

2 Sjaa, Sion svingar Palmar,
Straar Greiner paa din Ved!
Eg vil med Song og Salmar
I Anden fagna deg.
Mitt Hjarta Gror skal giva
Som Grein i Skogen grøn
Og til di Æra liva,
Din Kjarleike til Løn.

3 Du sparde ingi Møda,
Min dyre Frelsarmann,
At mildt du kunde grøda
Den Verk, som i meg brann.
Daa eg i Daudens Fæla
Og Myrkers lægder laag,
Du kom, mi Sol og Sæla,
Og Livsens Ljos eg saag.

4 Eg laag i Fangebande,
Du kom og drog meg ut.
Eg laag i Verk og Vande,
Du kom og tok mi Sut.
Du lyfte meg til Æra
Og gav meg Skatten god,
Som Rust kannikkje tæra,
Det Gull, som held i Glod.

5 Kvat annat fraa ditt Rike
Vann drage deg til Jord,
Enn Kjærleik utan Like,
So djup og sterk og stor!
Dirt Liv du vilde vaaga
Og løysa Verdi ut
Og venda hennar Plaaga
Til Sæla utan Slut.

6 Kom, rædde Saal, aa skriva
Deg det i Hjartat inn!
Lat denne Gleda driva
All Sut or Hugen din:
At Raad er her til Reida,
At Jesus sjølv er nær,
Som vil deg trøysta, leida
Og alltid hava kjær!

7 So tarv du ikkje klaga
Og grunda Dagen lang,
Kor du kann honom draga
Ned i ditt arme Fang,
Han kjem, han kjem av Naade,
I Kjærleiks Hugadrag
Og snur din Vetters Vaade
Til sæle Sumardag.

8 Og ikkje tarv du fæla
Fyr all di Synd og Skuld,
For Jesus vann deg Sæla:
Di Synd er sont og Duld,
Han kjem med Trøyst og Hugge
Til kvar ein Syndar arm
Og driv kvar forgtung Skugge
Or syndesaarad Barm.

9 So lat deg ikkje truga
Av Satans Magt og Mord!
F¥r Jesus maa han fljuga
Og falla fyr hans Ord.
Han kjem med Kongevelde,
Og Fienden røma maa;
For all hans Ætt og Elde
Mot Jesus er for smaa.

10 So kjem han og vil døma
Og giva Attergjeld:
Dei Gode evig Søma,
Dei Vonde evig Eld.
So kom, vaar Sol og Fagnad
Og før ofs heim i Høgd,
Til Livsens sæle Lagnad,
So faa me fulla Nøgd!

Text Information
First Line: Korleides skal eg møta
Author: Paul Gerhardt (adapt.)
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: 1. Sundag i Adventa; Hymns for the Church Year: First Sunday in Advent; Første Søndag i Advent: Til Hoimesse (1 more...)
Notes: Tone: Mig hjertelig nu længes (L. 618)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.